Fredag 17.oktober får 2. og 3.klassingane i Fitjar høve til å setje seg inn i korleis barna hadde det i 1814.

Dei får sjå førestellinga «Leik og liv i 1814», der forteljar og skodespelar Merethe Gauden tek oss tilbake i tid.

Dette er ei førestelling via den kulturelle skulesekken, og ein del av Hordaland fylkeskommune si feiring av grunnlovsjubileet.
Det vert såleis framsyningar i heile fylket.

Ingressbilete: Merete og lydhøyre barn på prøveframsyninga på Kvam bibliotek. Foto: Sigrid Furnes/Fylkesbiblioteket