På skyssen skal storfolk kjennast, heiter det frå gamalt. Då Arnhild Sørestrand og Steinar Andersen feira bryllup i ettermiddag, låg ikkje mindre enn to veteranbåtar og venta på dei etter vigselen.

Veteranbåtane var sagnomsuste "Granvin" og "Atløy" som begge hadde ankra opp på Meierikaien på Fitjar i påvente av at brudeparet skulle koma. Noko dei gjorde i prosesjon frå Fitjar kyrkje og ned til kaien.

Heilt teke ut ifrå lufta er likevel ikkje ideen om å nytte veteranbåtar som skyss for dei rundt 120 gjestene. Steinar Andersen har, som dagleg leiar ved Dåfjorden slipp, gjeve mang ein veteranbåt ei beine. Seinast for nokre veker sidan då dei reparerte "Oster" på rekordtid etter grunnstøyting  i Fitjarskjergarden.

Bryllaupet vart halde i ein ny hall på Dåfjorden slipp, men gjestane fekk òg nyte sjølivet, på nostalgisk vis, under dette bryllaupet.