Han har spela fleire viktige roller i historiske spel. No skal Leif Sigurd Larsen inn i ei ny rolle, ikkje i eit spel, men som seriøs og verkeleg økonomisjef i Fitjar kommune.  Det var i formannskapsmøtet sist onsdag at Larsen formelt vart tilsett i den nye jobben. Men Leif Sigurd er godt kjend med rekneskapsavdelinga i kommunen, i det han har jobba der både både i det siste og tidlegare i verda. Dei siste månadene har han òg fungert i denne stillinga.