Steensohn blir hjelpetrenar for A-laget til Fitjar i årets 4. divisjon.

Det er ein særs fornøgd hovudtrenar, Kjell Træet, som fortel dette til Fitjarposten. No håper me det går slik det gjorde sist Dikki var i Fitjar, seier Kjell med eit lurt glimt i auga.

Dikki er nemleg den mest meritterte trenaren Fitjar har hatt, med særs gode resultat både i Fitjar og andre lokale klubbar. I løpet av dei seks åra han var i Fitjar rykte laget opp heile tre gonger. I 2001 blei det ein 4.-plass i 5. divisjon, før dei rykte opp til 4. divisjon året etter. I 2003 gjekk det nyopprykte Fitjar-laget «rett gjennom» 4. divisjon, vann puljen suverent og blei kretsmeister. Men i 2004 bar det ned att etter ei nervepirrande sesongavslutning der Trott sneik seg forbi etter møtet med Fitjar. I 2005 stabiliserte A-laget til Fitjar seg i 4. divisjon, før Dikki rykte opp for tredje gong med Fitjar i 2006.

Dikki gav seg i Fitjar etter seks år og tre opprykk, og gjekk til Trott, der han har vore dei siste sju åra. I Fitjar begynte ein lang nedtur for A-laget. Det blei nedrykk frå 3. divisjon i 2007, frå 4. divisjon i 2008, og i 2009 var Fitjar ei hårsbreidd frå å rykkja ned til eit historisk lågmål og 6. divisjon. Men lukkelegvis stoppa heisen i 5. divisjon, der Stein Gunnar Halleråker og Kjell Træet har stabilisert laget blant dei beste i divisjonen. I 2012 var det så vidt dei ikkje klarte opprykk, og i 2013 lukkast Kjell endeleg.

I fjor leia Fitjar puljen sin omtrent frå første spark på ballen, og i vinter rår optimismen i A-lagsleiren til Fitjar. Med Dikki på plass har nok Fitjar fått den beste assistenttrenaren i Sunnhordland, og hovudtrenar Kjell Træet ser fram til å samarbeida med han. – Dette veit eg vil gå fint, seier Kjell, eg har hatt Dikki som trenar då han var i Fitjar sist. Dikki seier han vil ha hovudfokus på spelarutvikling, ikkje minst keeperane i Fitjar. I kveld var Dikki på si første trening med det nye laget sitt, og ser allereie fram til ein ny sesong med Fitjar, «halvt fitjarbu» som han er.

Kjell Træet fortel om fleire nye spelarar i troppen framfor årets sesong. Tre «gamle» Fitjar-spelarar er med for fullt på trening. Den eldste av desse er Ronald Skår, som og har trent under Dikki tidlegare. Idar Volden Mjønes er på veg heim etter å ha stått i mål på Solid dei siste sesongane. Også Goff Artsamai har børsta støvet av fotballstøvlane og er klar for ein ny sesong på A-laget. I tillegg har Fitjar fått tak i ein heilt ny spelar frå Somalia. Unge Badi Hurashi kan bli ein sensasjon på backen til Fitjar!