På årsmøtet i Fitjar Idrettslag torsdag 14. mars tok Simen Aarskog over som leiar etter Lillian Nesse.

Dei frammøtte fekk oppleva eit årsmøte av det rolege slaget utan dei store, kontroversielle sakene. Årsmeldinga bar bod om god aktivitet på mange felt i den klart største frivillige organisasjonen i Fitjar.

Den nye leiaren, Simen Aarskog, er ny i styret i Fitjar Idrettslag. Han får med seg nestleiar Håkon Rydland Sæbø, kasserar Brit Mari Dybvik Olsen og sekretær Anne Brakedal i arbeidsutvalet (AU). Styret i idrettslaget består av AU og leiarane i enkeltgruppene: Trude Strand (turngruppa), Mai Britt Sandtorv (friidrett), André Olsen Aadland (badminton), Gisle Levåg (fotball), Charlotte Ayoe Solberg (handball), Rolf-Atle Rolfsnes (orientering).

På årsmøtet fekk Anne Helene Vestbøstad utdelt heidersmerket «Årets viking» for arbeidet som leiar for miniavdelinga til fotballgruppa. «Miniavdelinga er den avdelinga med flest lag, og har mellom anna ansvar for planlegging, organisering og gjennomføring av Sparcup i juni kvart år. Sparcup samlar over 80 lag, Anne Helene har vore ein av drivkreftene bak denne cupen i mange år», heiter det i grunngjevinga.