Onar Westerheim er i helga i Inzell der han deltek i skeise-VM for veteranar. Etter første dag er han heilt i teten.

Det melder Elise Aarbø på sms til fitjarposten.no. Ho fortel at Onar, som går i klassen 65 – 69 år, i dag gjekk 500 m på 43,8 og 1500 m på 2.14.2. Med desse resultata har han best poengsum etter dagens distansar, og han leiar tett føre nederlendaren Kees Verdouw.

– Det er høgt spenningsniva framfor morgondagen, legg Elise Aarbø til.