Det er fortsatt ledige plassar på babysongkurset som tek til førstkomande onsdag.

Babysongkurset består av 8 samlingar, og første samling er onsdag 12. januar kl. 10.30-12.00 på loftet på Fitjar bedehus. Sjølv om fristen for påmeling var 7. januar er det fortsatt ledige plassar og ein kan endå melda seg på. Dette har alltid vore kjekke og populære kurs både for store og små. Samlingane brukar vera fylt med mykje song og musikk, smil, latter og pludring, i tillegg til litt amming, gulping, småsutring og bleieskift. Har du baby mellom 0 og 8 månader er det berre å hiva seg rundt å melda seg på med det same på tlf. 975 28 001.

Du kan lesa meir om kurset her.