Josefine Brenne og Herborg Båtstad spelar "Bjellekland" saman med pianist Edel Brekke. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar kulturskule har plass til fleire, og håpar å få fullt opp alle plassane dei har.

Kulturskulerektor Håvard Kroka fortel at det er gode moglegheiter for at born og unge kan koma inn på det faget dei har øvst på ynskjelista i år.

– Tidlegare har me hatt lange ventelister, men i år har me fleire ledige plassar enn me har hatt på lenge, fortel Kroka.

Piano har ofte hatt lang venteliste, men slik er det ikkje lenger, fortel Kroka.

Han trur nok situasjonen i vår har litt av skulda, men fortel ogso at Fitjar kulturskule har auka kapasiteten sin i det siste.

– Dette er ei gladsak. Altso misforstå meg rett; eg er ikkje glad for at me har ledige plassar, men eg er glad for at dette kan bety at fleire born får lov til å læra noko nytt. Me ynskjer jo å fylla opp tilboda me har, og at flest mogleg får delta i kulturskulen, seier Kroka.

Tilnærma lik undervisning

– Fitjar har i mange år lugge høgt på lista med høgare prosent av born som får plass i kulturskulen enn andre kommunar. Me behandlar søknadar kontinuerleg, so her er det berre å gå inn på kommunen sine heimesider å senda av garde ein søknad. Fitjar kulturskule gjev undervisning i piano, song, gitar, el-bass, slagverk, fiolin, dans, drama/teater, visuelle kunstfag, band og messinginstrument/korps fortel ein blid Kroka.

Dei minste viste mykje danseglede på scena. Foto: Ingrid Hovstad

Kulturskulen startar opp at med undervisinga si i neste veke, og Kroka fortel at undervisninga vil gå føre seg rimeleg likt som til vanleg.

– Me følgjer smittevernstiltaka og gjer alt me kan for at foreldre, og dei unge sjølv skal føla seg trygge, fortel Kroka.

Han tilrår at familiar tar ein liten prat om det eit tilbod i kulturskulen som kunne vore kjekt å delta på over frukostbordet i helga.