Det er framleis ledige kulturskuleplassar på visuelle kunstfag.

Undervising i visuelle kunstfag er eit nytt tilbod i Fitjar kultursskule og startar opp januar 2013. Lærar vert Torill Berger Falk, og undervisinga er lagt til tysdag ettermiddag. På Fitjar kommune si heimeside kan me lese at det framleis er ledige plassar på dette nye tilbodet. Ein kan senda inn søknad via heimesida til kommunen.