«Den som ventar på noko godt» er tittelen for siste temakvelden i Fitjar kyrkje denne hausten. Det skjer i Fitjar kyrkje torsdag 29.11.

Denne gongen er det Kristin og Johannes Aadland som vil vera med. Dei er begge oppvaksne på Fitjar og bur no i Oslo og Bergen.

Kristin og Johannes seier: – Me hugsar frå me var små at det å venta var keisamt – tida gjekk sakte og mor sa: «det er sunt å kjeda seg.» – Så vert me vaksne og får meir erfaring, og så ser me at venting ofte kan vera knytt til noko positivt. – Til forventing. Til å drøyma. Til å våga å ta ein sjanse.

 -Dette er ei framsyning; ei samling forteljingar; sungne og fortalde om det å venta. – Å venta på eit svar eller ein suksess; å venta på den rette; på barnet eller tilgjeving. Forteljingane er inspirerte av ulike eventyrsamlingar, legender og i frå Bibelen. Songane er henta både frå vise- og salmediktarar, men mest frå songar skrivne av Johannes sjølv.
 

Kristin Aadland er utdanna forteljar og pedagog. Ho held for tida på med ein doktorgrad i pedagogikk, med forteljing og læring som tema. Heilt sidan år 2000 har ho brukt forteljing aktivt i arbeid med barn og unge. Ho har også vore med på ulike forteljarstunder og i samanhangar som gudstenester og forteljarkafé. Dei siste tre åra har ho saman med Hege Merakerås vore engasjert av IKO for å halda kurs i forteljing for tilsette og friviljuge som arbeider med trusopplæring i kyrkjene rundt om i landet.
 
Johannes er utdanna musikar og songar frå Bårdarakademiet og Complete Vocal Institute i København. Han har dei seinare åra vore engasjert på større og mindre scener på Aust- og Vestlandet. I tillegg til å leva draumen som songar er han i ferd med å utdanna seg til lærar ved Høgskulen i Bergen. Her spelar han også i bandet Askeladden. Dette er eit prosjekt han brenn for, og mange av songane denne kvelden kjem frå repertoarlista til nettopp Askeladden.

Songen «Sjå fram» er for tida på spelelistene til både NRK Sogn og Fjordane og NRK Hordaland, heiter det i ei pressemelding om kvelden.