Ein stor, brun hund (boksar) har dei siste dagane lunta rundt i Fitjarstølane. Mange småborn er redde.

Sjølv om hunden verkar snill, er han stor, og det er ikkje kjekt for dei minste å møta på eit så stort dyr som spring fritt omkring. Det har ikkje lukkast oss så langt å få teke bilete av hunden, men kanskje nokon andre i feltet har det. Om eigarane skulle lesa dette, og hunden ikkje er komen heim igjen, er truleg Fitjarstølane den rette plassen å leita etter han.