Over 40 personer møtte opp med skøyter og godt humør på Bergatjødno i Sælevik, då laurdagsskulen arrangerte skøytedag.

Sola hang lågt på himmelen, og temperaturen var rundt minus ti da folk frå heile bygda samla seg på det isbelagde vatnet.

Annar og Bjørn Westerheim hadde brukt to til tre timar på å måka ein 250 meter lang bane i snøen som låg på isen, og Annar hadde til og med brukt måleband for å få banen i heilt rett lengde.

Gunn Kari Auestad, leiar for laurdagstreffet, starta med ein andakt med song, dans og ein forteljing om Jesus. Etterpå leika folk seg på isen, nokre spelte ishockey mens andre bare sklei rundt. Dei som ville kunne være med på eit «løp» der dei kunne få sjå kor lang tid dei brukte rundt banen. Når dei var ferdig med ein runde kunne dei få kakao, pølse og fantastisk gode bollar som Gerd Kobberstad og Bente Westerheim hadde vore snille og  laga på førehand.

– Det var flott at så mange kunne koma på skøytedagen, seier Gunn Kari, og ho oppmodar folk i alle aldrar til å koma på laurdagsstreff annankvar laurdag på bedehuset i Dåfjorden.

Dei som ville kunne óg få eit fint diplom som bevis på deltaking på skøytedagen, som trass i for kulda var ein kjekk dag for alle som deltok.

Geirmund Haugvalstad (8) syntest det var veldig gøy å stå på skøyter på den fine isen som alle er oppmoda til å bruka.