Annankvar laurdag er det samling på det gamle bedehuset i Dåfjorden for både vaksne og born.

Sist laurdag vart det bollebaking og mange andre kjekke aktivitetar for alle. Mange møtte opp, det kom til og med folk frå Fitjar, og ein mann med gitar, noko som skapte stemning og moro.

Leiar Gunn Kari Auestad begynte med song og seinare tok gjesten i frå Ådland, Svein Bjarne Aase, over showet. Han klarte å få alle i bevegelse og i godt humør med blant anna songar som ”Alle saman reiser seg”.  Så fortalde han historia om Filip som møtte ein engel.

Eg spurte han om kva han tenkte om Laurdagstreffet, og sa han var imponert over at så mange møtte opp og at det var kjempekjekt at det var så mange vaksne som hjelpte til.

Stasjonar

Etterpå vart alle delt opp i tre grupper som gjekk på kvar sin stasjon. På dei ulike stasjonane kunne du baka bollar, lage namneskilt, perla eller teikna. Mesteparten ville baka i starten, og det vart mange velsmakande bollar. Men etter kvart ville mange svi namnet sitt inn i ei treplata og laga eit namneskilt til å henge på døra si.

Gunn Kari som nett tok over leiarjobben frå Helga Auestad syntest at dette er eit kjempetilbod for alle, og gledde seg over at det kom folk av alle aldrar.

Eg oppfordrar alle som kan til å møta opp neste laurdag etter klokka 16.00 på bedehuset for å få ein koseleg stund i lang med andre.