Annan kvar laurdag er det liv og røre på bedehuset i Dåfjorden.

Slik blir det når småbarn, skulebarn, tenåringar og vaksne samlast. Dei store jentene tek gjerne små barn på fanget (og mor eller far får litt fri). Treffet startar med song og lystenning. Skattekista som blir opna før andakten, viser veg til dagens tema som er henta frå Bibelen, der Jesus seier om seg sjølv:» Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje hungra, og den som trur på meg, skal aldri tørsta.»  Via storskjerm og høgtalar vert teksten formidla, og for dei største borna vert det utdjupa litt meir etterpå. Mange songar vert framførde med bevegelsar og då kan også dei minste vere med. Borna får seinare velje gruppeaktivitetar. Det ser ut til å vere jamn interesse for alle tilboda: Bollebakst, snikring av fuglekasser, småhobby eller leik ute. Vaksne som ikkje har faste plikter, slappar av med kaffi og ein god prat. Treffet blir avslutta med mat og drikke.

Gunn Kari Auestad er som regel programleiar, og ho har mange villige medhjelparar. Det er svært gledeleg, men nokså fullt når 45 dåfjordingar kjem på laurdagstreff, seier ho, men denne laurdagen er flokken litt mindre. Små og store kosar seg i lag, og alle er positive og lyttande. Treffet vert lagt opp i tråd med Søndagsskulen sitt opplegg Sprell levande.