Quiz, andakt, song, misjonsinformasjon, pizza, kake og spel samla folk i aldre aldrar til ein kosleg laurdagskveld på Fitjar bedehus.

 

Det var Norsk luthersk misjonssamband som inviterte til laurdagskveld på bedehuset i samband med møteveka dei har på Fitjar bedehus. Taler er Øivind Solheim, og denne kvelden snakka han om frelsa, ut frå Paulus sitt brev til Filipperane. 


Andaktshaldar Øivind Solheim snakka om å vera fri. Foto: Helga Rimmereid

Det var og Øivind som stod for misjonsinformasjonen i form av ein filmsnutt frå Japan. 

Laurdagskveld-arrangementet samla alle generasjonar frå barnehagealder til pensjonistane sine rekkjer. Den yngre garde prega den korte møtedelen med leiing, songinnslag, styring av lys og bilete og ikkje minst ein populær Rolfsnes-quiz. Kvelden vart avslutta med deilig pizza, chips, kake og kaffi, spel og drøs, slik mange synes ein god laurdagskveld skal feirast.

God, heimelaga pizza i ulike variantar fall i smak hos dei fleste. Foto: Helga Rimmereid