Nokre søndagar i året er det gudsteneste i krinsane i staden for i kyrkja.

I dag var sokneprest Oma i Dåfjorden. Han hadde med seg dottera Ingvill, og ho spela piano.
Presten tala over ein tekst frå Johannes 16, 16-22, der Jesus minna læresveinane om at den sorga dei kjende då skulle vendast til glede når han kom attende. Glede og takknemleghet vart også framheva då borna song Å jeg er så takknemlig Gud har gitt meg alt jeg behøver. Dagen før hadde minst 24 born vore i bedehuset på laurdagsklubb, fortalde Helga Auestad. Då øvde dei mellom anna på fire songar som skulle syngjast i dag. Kanskje sol og fint ver verka til at ikkje så mange born var der i dag, men dei fekk både takk og applaus for vakker song. Etter gudstenesta gav mange seg tid til å prate saman, og den kalde nordavinden merkast ikkje utanfor bedehuset i Dåfjorden.