-Laurdagsbading på Rimbareid skule startar opp igjen 14. januar, melder skulesjef Edvin Aase.

 Han skriv:
«I perioden 14.jan-3.mars. 2012 vil det igjen vera ope basseng på Rimbareid skule kvar laurdag kl. 10.00-13.00.

Denne opningstida i bassenget er fyrst og fremst tenkt for foreldre og born 1. – 4. årstrinn i grunnskulen. Dette fordi dette er viktige år med tanke på symjedugleik.

Ordninga hadde stor suksess og oppslutnad i haust, og me vonar mange vil nytta seg av tilbodet framover.

Fitjar idrettslag fotballgruppa har ansvar for nødvendig tilsyn i opningstida.»