Bassenget ved Rimbareid skule vil vera ope kvar laurdag fram til 10. desember.

Ordninga gjeld først og fremst for foreldre og barn 1. – 4. årssteg. Tiltaket har kome i stand for å styrkja symjeopplæringa for barn i Fitjar, fortel skulesjef Edvin Aase.

Bassenget blir ope førstkommande laurdag klokka 10.00 – 13.00, og kvar laurdag til og med 10. desember. Skulesjefen håper mange vil nytta dette gratistilbodet.