Konserten som går av stabelen i morgon høver for personar i mest alle aldrar, frå born til godt vaksne, seier festivalsjef Lene Tufteland.

Ho oppfordrar folk til å møte opp i god tid, og minner om  at det vert sal av mat frå klokka 18.00 og utover kvelden. Konserten startar klokka 19.00. Martin Nysæther har ansvar for festivalmenyen. Etter klokka 23.00 kan dei som er over 18 år halde fram med fest i kultursalen der Årstein Tislevoll med band spelar.

Som kjent frå dagspressa er det tre band som deltek i Moahagen. Young Dreams er kanskje mest ukjend, men både dette bandet og Casiokids er no to av dei mest populære banda Bergen. Det førstnemnde viser stor speleglede og dei gler seg til å kome til Fitjar, seier festivalsjefen, og legg til at nokre av deltakarane var på Smedholmen-konserten i fjor som besøkjande.

Susanne Sundfør frå Haugesund syng og spelar sjølv, men har og med seg eige band. I ei avismelding vert det sagt at “Susanne Sundførs andre studioalbum viser en helt spesiell stemmeprakt og særegne låtskriver-evner”. Sundfør har vore mykje i utlandet i det siste, og har spela lite på Vestlandet.

Lene Tufteland gler seg over gode verutsikter for morgondagen, men minner om at ein bør ta med seg sitjeunderlag og varme kle. Moahagen har utruleg nok plass til 1500 personar. Festivalsjefen ventar mange tilreisande som treng overnatting. Det er blant anna høve til camping på eit jorde i nærleiken.

Lene Tufteland nyttar høvet til å takke alle som på ein eller annan måte gjer stor dugnadsinnsats i samband med konserten. Idrettslaget står på fremste linje i år, men også mange enkeltpersonar ringjer og byr seg til å ta eit tak. Det skaper glede og inspirasjon seier Lene i ein slutt-kommentar.

Styret for Fitjar Festivalforening står som arrangør. Ta med kontantar, det er ikkje betalingsterminal i Moahagen.