Kanskje nokon lurer på kva forsøpling som gjekk føre seg på rådhusplassen i går?

Men alle dei svarte plastsekkene inneheldt klær og utstyr som skal sendast til Romania. Tidleg denne veka annonserte Romaniahjelpen Vestlandet at det ville bli innsamling på Fitjar i går.

Den store lastebilen kom til Fitjar etter å ha vore i Rosendal, Husnes og Leirvik. Anne Markussen og Turid Sveen (styreformann) fortel til Fitjarposten at Romaniahjelpen er ein veldedig organisasjon, registrert i Brønnøysundregisteret.

Dei har lager på Espeland i Arna. Der vert det lasta opp ein trailer med klær, sko, teppe osv., som skal køyrast til Romania før jul. Ein full-lasta trailer leverte varer der både i august og september. Personar frå organisasjonen følgjer med transporten og er med på utdelinga. På den måten kan dei gå god for at utstyret kjem der det trengst. Romaniahjelpen gir også mat og klær til skuleprosjekt, slik at fattige born skal få gå på skule.

Mange kom for å levere sekker sjølv om ein måtte betale 100 kr pr stk. Det vart truleg stapp-fullt i lastebilen.