Harald Johan Sandvik, Halvard Wiik, Bjarne Korsvik og Håkon C. Hartvedt med velfortente bloma på litteraturkvelden i går.

Godt over 50 litteraturinteresserte møtte opp på litteraturkvelden i Seniorsenteret i går kveld; det er tydeleg at dei lokale forfattarane våre Halvard Wiik og Bjarne Korsvik vekkjer interesse.

Og det var god stemning blant det modne publikummet i Seniorsenteret då biblioteksjef bad folk koma for å bli nærmare kjende med dei dei to forfattarane og dei nye bøkene deira.

Halvard Wiik har allereie vekt stor åtgaum med artiklane sine i «Sunnhordland», og ein av dei har fått 80 000 treff på Facebook. No har han samla dei fantastiske historiene sine mellom to stive permar, i boka «Å, hjelp(e) meg!». Illustrasjonane av velkjende Lars Slettebø og den tyske avisteiknaren Thomas Zipfel set ein ekstra spiss på dei godlynte historiene til Halvard.

85 år gamle Bjarne Korsvik kjem denne gongen med ei ny bok om lokalhistorie av beste merke. Den førre boka hans kom for fire år sidan og bar tittelen «Minne frå ei svunnen tid». Det er ingen grunn til å tru at ikkje den nye boka «Dagen lir, det går mot kveld. Men minna lever.» skal slå minst like godt an. Som knapt nokon andre fortel Bjarne Korsvik om ei tid som er i ferd med å gå i gløymeboka.

I går kveld fekk publikum eit ekstra levande inntrykk av dei to bøkene då Harald Johan Sandvik las høgt. 70-åringen er nok den beste i sitt slag i Fitjar, og fekk publikum til å dra på smilebandet. Her blei det mykje lått og løye! Det var såleis vel fortent at den eminente opplesaren fekk bursdasgåve frå forlagssjef Hartvedt i Fitjarposten Forlag.

Forlagssjefen på si side seier seg godt fornøgd med kvelden. Det var kø av kjøpelystne som ville sikra seg dei nye bøkene. Det er ikkje kvart år me kan venta oss så mykje godt, lokalt lesestoff under juletreet!

Håkon C. Hartvedt intervjuar forfattaren Bjarne Korsvik.
Den eminente opplesaren Harald Johan Sandvik sette ein ekstra spiss på opplevinga.