Arkivfoto: Fitjarposten/Kjetil Rydland.

Orda tilhøyrer Knut Inge Isdahl. Han er ein av dei som er urolege over planane til Fitjar Kraftlag om å overføra eigarskapet av straumlinene i bygda til Haugaland Kraft.

Som kjent er kraftregimet i Noreg i endring, og Fitjar Kraftlag har i brev til kraftlagskundane rådd oss til å gå inn for ein samarbeidsavtale med Haugaland Kraft. Denne inneber blant anna at Haugaland Kraft tek over straumlinene, medan Fitjar Kraftlag held fram med breiband, altibox m.m., og vil levera kraft som før til kundane sine i Fitjar.

Her produserer Fitjar Kraftlag straum i Årskog. Foto: Kjetil Rydland.

Ein av dei som stiller seg skeptisk til denne avtalen er Knut Inge Isdahl. Kvar einskild hushaldskunde vil kunna spara mellom 5000 og 6000 kroner på nettleiga om ein går inn for avtalen med Haugaland Kraft, heiter det i brevet. Knut Inge ser også andre måtar å spara nettleige:

Nettleiga er samansett av eit fastledd og eit energiledd. Det første er ein fast sum, medan det andre er avhengig av straumforbruket. Fastleddet i Fitjar Kraftlag er i dag 5625 kr. Knut Inge foreslår å setja ned fastleddet til 2000 kr og energileddet opp for å dekka resten av inntektsramma. Då vil forskjellen mellom Haugaland Kraft og Fitjar Kraftlag komma ned mot 4000 kr for ein vanleg husstand.

Dette vil gi den einskilde meir motivasjon til å spara straum, og ha ein meir sosial profil:
– Bruker du mykje straum, betaler du for det, og vil du bruka mindre, sparer du, seier Isdahl.

Han undrar seg over kvifor det hastar slik med å gjera denne avtalen akkurat no. – Me må ha is i magen, meiner han, me veit meir om eit par år. Kravet om å gjera ei endring er der frå 1.1.2021.

Knut Inge Isdahl viser også til Austevoll Kraftlag, som går inn for ei anna løysing. Styreleiar Grethe Drønen Ringdal, uttalte til Marsteinen føre årsmøtet i byrjinga av juni: – Det viktigaste for oss er å sikra lokal beredskap, heller enn å sjå isolert på lågare nettleige …

Endringa i energilova kjem med krav til selskapsmessig skilje for alle som driv nettverksemd med under 30 000 nettkundar. Dette gjer at innan 1.1.2021 skal Fitjar Kraftlag ha omorganisert seg for å opp fylgja krava om selskapsmessig skilje mellom nettverksemda og anna verksemd.

- Annonse -

– Me må vita kva som er den minste endringa me gjera, og det har me enno to år på oss for å gjennomføra. Me vil vita meir konkret kva dette inneber, og korleis det kan løysast. Dette har me ikkje fått god nok informasjon om! seier Isdahl.

Isdahl oppmodar eigarane i Fitjar Kraftlag å møta på Kulturhuset og stemma nei til sal av kraftnettet vårt! Me må påleggja styret å komma med ei anna løysing om selskapsmessig skilje og vidare drift.

– Stem ikkje ja til avtalen før de veit meir konkret kva avtalen inneber. Nettet kan me ikkje få tilbake!

Avtalen inneber at Fitjar Kraftlag overfører aksjar i Sunnhordland Kraftlag til Haugaland Kraft og får oppgjer i aksjar i Haugaland Kraft. Fitjar Kraftlag overfører nettverksemda til Haugaland Kraft Nett og får oppgjer i aksjar i Haugaland Kraft.

Fleire hovudpunkt i avtalen mellom med Haugaland kraft står å lesa på heimesida til Fitjar Kraftlag.