Eit lasteskip som gjekk på grunn ved Tysnes i går kveld, tok inn vatn og måtte slepast inn til FMV.

Det var Kl. 22:37 i går kveld at Hovudredningssentralen meldte at eit lasteskip på 52 meter hadde gått på grunn og tok inn vann. Skipet var då ved Sandvikvåg.

-Det var ingen fare for mannskapet. Redningsskøyte, Kystvakten og taubåtar med lensepumper og anna relevant utstyr var på veg. Det blei ikkje meldt om oljelekkasje eller annan forureining frå skipet som hadde hadde fått ei flengje i skroget ved lasterommet, opplyser operasjonsleiar Svein Sørensen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Han fortel vidare at skipet etter nokre timar vart taua inn til Fitjar Mek. Verksted.

-Politiet hadde en samtale med skipets kaptein og mannskap. Det ligg ikkje føre nokon mistanke om promille. Kapteinen opplyste at selve grunnstøtinga hadde funne sted ved Tysnes, v/Landerøypynten. Skipet hadde lege ved eit oppdrettsanlegg og på veg bort derifrå hadde eit kraftig vindkast fått skipet ut av kurs og inn i ein bergvegg. Kapteinen valdee deretter å gå mot Sandvikvåg for å ta seg til land der, heiter det.