I føremiddag hamna nok ein lastebil i grøfta på fylkesveg 545 like ovanfor Fitjar sentrum.

Strekninga frå sentrum til Vik på fylkesveg 545 er forholdsvis smal og det vert trongt når det kjem møtande trafikk. Asfaltkantane er svært høge, og mange små og store lastebilar og trailerar hamnar titt og ofte i grøfta på denne strekninga. Det er ikkje lenge sidan det låg ein lastebil i Prestegardshagen, og i dag var det nok ein lastebil som sat fast litt lenger oppe og stod på «halv åtte» med fronten utanfor vegen. Lastebilen vart ståande slik i fleire timar, men det var ikkje verre enn at både personbilar, lastebilar og bussar klarde å lirka seg forbi.