Å skremma opp grågås med kamera er ein godkjend metode, men den er veldig tidkrevjande. Foto: Kjetil Rydland.

På Jæren har det blitt gjort forsøk med laser for å jaga vekk grågåsa, med godt resultat, men førebels er det usikkert om metoden blir godkjend.

Det er Jorunn Kårvatn ved Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor som opplyser dette til Fitjarposten. Ho kan såleis ikkje gå ut med ei anbefaling til bøndene om å nytta metoden som firmaet Vestflow har gjort lovande forsøk med på Jæren.

Laser skremmer vekk grågåsa

– Vi er nå ferdige med forsøk med laser mot gjæser ved eit gardsbruk ved Orrevatnet på Jæren, og etter ca. ei veke med laser har gjæsene forlate Orrevatnet og flytta til Frøylandsvatnet (bildet nedanfor), skriv Arvid Klubben i firmaet Vestflow i brev til Fitjar kommune.

Ved Orrevatnet har Vestflow vore ute med laseren ca. annankvar dag i ei veke med to-tre bortvisingar fra kvart enkelt område. Bonden har framleis nokre få fuglar som dei reknar med er nye som har kome inn, men dei store flokkane på opp til 1000 fuglar er borte. Dei hadde venta at gjæsene ville flytta over til naboar, og synest det er svært positivt at dei forlèt heile området.

Bonden var godt fornøgd, men: «… noe bekymret for at han har leid ut jaktrettigheter til noen som sannsynligvis ikke blir veldig fornøyd når det ikke er fugl å jakte på!» skriv Klubben vidare.

I brevet foreslår Vestflow at kommunen eller bøndene kan disponera ein laser i lag, men dei gjer merksam på at regelverket ikkje tillèt utlån til personell som ikkje er tilsett i firmaet som er godkjent av Statens strålevern. Eit anna alternativ er at det blir gjort avtale med Vestflow om fuglefrie område som parkar og badeplassar, og at bøndene kan vera del del av ein slik avtale.

Gjæsene flytta frå Orrevatnet til Frøylandsvatnet.

Mattilsynet har ikkje vore involvert

Etter at landbruks- og miljøkontoret fekk denne meldinga frå firmaet Vestflow i Sandnes, tok dei kontakt med Mattilsynet, for å høyra om laser er ein godkjend metode for å fjerna gjæser frå dyrka mark.

Av svaret frå spesialinspektør Olav Tørresdal ved Mattilsynet går det fram at dei ikkje har vore involverte i desse forsøka, og han kjenner ikkje til at dette er ein godkjend metode.

- Annonse -

Tørresdal skriv vidare at Mattilsynet er i dialog med Statens strålevern om denne problemstillinga, og dei har teke kontakt med Veterinærinstituttet for kunnskapsstøtte om korleis laserstråler verkar inn på gjæser, og andre eventuelle dyrevelferdsmessige forhold knytt til dette.

– Vi må derfor få komma tilbake med eit endelig svar i denne saka, skriv Tørresdal til slutt.

Grågås på vengjene er eit flott syn, men bøndene er ikkje glade for å ha desse store fuglane i kosten. Foto: Kjetiul Rydland.