Odd Sverre Larsen i handelsbygget "Larsen m sjød'n" er godt nøgd med å få Vinmonopolet som leigetakar. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Onsdag vart det klart at Vinmonopolet ønskjer seg inn i handelsbygget «Larsen m sjød’n».

I byrjinga av juni kunne ein lese i Fitjarposten at Vinmonopolet hadde bestemt seg for kvar dei ville etablere den komande butikken sin. Dei haldt derimot korta tett til brystet i høve til den eksakte lokasjonen.

No har kommunestyret i Fitjar godkjend Vinmonopolet sitt ønskje om lokale for polutsal. Av tilbydarane som Vinmonopolet var på synfaring hos, var det Larsen Eigedom AS som trekte det lengste strået.

– Attraktivt

Det er Odd Sverre Larsen sjølv godt nøgd med.

– Me synest jo at det er veldig greitt. Me har jo ein allsidig verksemd der me driv med både butikk og eigedom, og difor er det ekstra attraktivt å få dei i hus, seier Larsen til Fitjarposten.

– Det er viktig for huset, men også for resten av handelen. Eg håper at me som driv med handel og service nyttar moglegheiten knytt til at ein stor, nasjonal aktør etablerer seg her, til å gjere verksemdene våre meir attraktive.

Lokalet som Vinmonopolet skal inn i, er lokalet som Galleri Flora tidlegare haldt til i. Larsen trur etableringa vil føre til meir aktivitet i sentrum.

– Me kan forhåpentleg redusere handelslekkasje og gjere Fitjar meir attraktiv som handelsplass for besøkjande, seier han.

Framleis gjenstår signering av kontrakt, men det trur ikkje Larsen vil by på nokre vanskar.

– Den skal me nok einast om, seier han.

– Eit godt alternativ

Kommunestyret skildrar plasseringa av Fitjar sitt første Vinmonopol som eit godt alternativ i høve til publikumsatkomst, parkeringsforhold og anna handel.

– Vidare tilfredsstiller dei Vinmonopolet sine strenge tekniske spesifikasjonar, som bidreg til å gi optimale driftsforhold for dei tilsette, skriv kommunen i vedtaket om godkjenning av lokale.

– Etableringa vil vera ei viktig utviding av vare- og tenestetilbodet i Fitjar, og kan gje positive ringverknadar.