Lars Ove Rimmereid tek over Fitjar fjellsameige. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

På årsmøtet i slutten av juni blei Lars Ove Rimmereid vald til ny leiar i Fitjar fjellsameige etter at ordførar Harald Rydland hadde sagt frå seg attval.

Etter åtte år som leiar ville ikkje Harald Rydland stilla til gjenval. Då han blei vald til ordførar i fjor, syntest han ikkje det var natureg å halda fram som leiar for Fjellsameiga.

Rutinert styre

Det er ein rutinert ringrev som no tek over leiarvervet. Lars Ove Rimmereid har lang erfaring både frå kommunestyret og frå bondeorganisasjonane i Fitjar. For 20 år sidan var det far hans, Olav Rimmereid, som gav frå seg formannsklubba til Tore Sigurd Fitjar, etter å ha styrt fjellet nesten heile 1990-talet.

– Eg har alltid vore oppteken av fjellet, seier Lars Ove, og fortel at han som liten gut sprang til fjells saman med søstrene sine for å sjå på brannen som herja i Fitjarfjellet påskeaftan 1974.

Med seg i det nye styret får Lars Ove Rimmereid Karl André Rydland som ny styremedlem. Tone Koløen og Kristian Skumsnes var ikkje på val, og sikrar kontinuiteten saman med Reidar Kloster, som har sete heile 14 år i styret.

På årsmøtet møtte 30 personar, pluss ein del fullmakter. Dette må seiast å vera bra frammøte, meiner avgåande leiar Harald Rydland. Han fortel at Fjellsameiga blir eigd av 180 bruk i Fitjar. Ein må vera eigar av eit bruk for å kunna vera deleigar i Fjellsameiga, og eigarskapet blir fordelt etter skyld, om lag som i eit aksjeselskap.

Eigarar av store gardar – eller av fleire bruk – har då større eigardel, og har større «tyngd» i organisasjonen. Denne makta kan dei gjera gjeldande ved å krevja avrøysting etter skyld på årsmøtet, noko som har blitt gjort ved enkelte høve.

God økonomi finansierer fellestiltak

Fitjar fjellsameige er ein organisasjon med god økonomi. Tradisjonelt har dei hatt inntekter frå jakt og vatn. Men inntektene har naturlegvis blitt mykje større etter at vindmølleparken i Midtfjellet blei bygd ut.

Etter formålsparagrafen skal fjellsameiga nytta pengane på prosjekt som kan koma alle grunneigarane, eller ålmenta, til gode. Det er dette dei ser på når dei behandlar søknader om pengestøtte, fortel Harald Rydland.

Av fellestiltak som Fitjar fejllsameige har vore med på å finansiera, nemner han lysløypa til Svartavatnet, gapahuken ved Kidnavatnet, asfalt til Olstjødno, bruer i fjellet, løypa rundt Olstjødno og båtar i Kidnavatnet, Botnavatnet og Klovskarvatnet. Elles har Fjellsameiga arbeidd med betring av beiteressursane i fjellet, gjerding og dyrking på Blekjet.

Til hausten vil dei få lagt skifertak på den nye grindabygget ved Olstjødno. Her vil det òg koma to nye skilt ved den store informasjonstavla.

Blekjet – 400 mål dyrkbar jord

Røynslene frå grasdyrkinga på Blekjet er positive så langt. Avlinga er om lag den same som nede i låglandet; det er ikkje ugras i fjellet, og hjorteplaga har dei fått bukt med etter å ha bygt høgt gjerde heilt rundt dei to teigane.

Det store dyrkingsprosjektet har dei overlate til Fitjar dyrkingslag, med Frode Fitjar som leiar. Dei leiger på ein tiårskontrakt 50 dekar, som har blitt dyrka allereie. Det er rundt 400 mål å ta av, og vidare dyrking blir vurdert. Men når ein skal dyrka meir enn 50 mål, er konsekvensutgreiing påkravd.

– Det har vore ei spennande reise, fortel Harald Rydland, som overtok leiarvervet kort tid etter at Midtfjellet Vindkraft hadde begynt å byggja i fjellet, men før produksjonen i vindparken var komen i gang.

Sprek femtiåring

Ordføraren har meir enn nok å hengja fingrane i, men han ser fram til at etterkomaren vil sørgja for ei verdig 50-årsmarkeirng. Fitjar grunneigarlag blei nemleg skipa i 1971, då med Sverre Torland som leiar.

Det er alltid lunt i solveggen hos meg, seier Lars Ove Rimmerid, som har teke over for Harald Rydland t.h. Foto: Kjetil Rydland.