A-lagstrenar Stein Gunnar Halleråker minner om at haustsesongen startar førstkomande laurdag, og fortel at Fitjar har fått ei solid forsterking i Lars Jacob Helland, som har meldt overgang.

Helland har spelt A-lagsfotball på Stord i fleire år, men måndag skreiv han under overgangspapira som gjer at han går frå Stord Fotball til Fitjar IL. Han er for tida student ved Høgskolen i Oslo, men vil spela kampar for Fitjar denne sesongen.