Lars Jacob Eide Helland frå Fitjar er vokalist i Folty Loft, som debuterer med albumslepp 8. mai 2015, heiter det i ei pressemelding frå plateselskapet Bjørk Audio.

Fredag 8. mai platedebuterer det Oslo-baserte bandet Folty Loft med albumet «Earthmen & Strangers». Det blir releasekonsert i Teaterkjeller`n, under
Oslo Nye Centralteatret i Akersgata 38.

– Trass i den futuristiske tittelen er dette er eit album med melodiøs, jordnær og referanserik popmusikk, heiter det i pressemeldinga. «Earthmen & Strangers» er minneverdig, emosjonell popmusikk med overtydande vokal, krydra med ung umiskjenneleg energi og intensitet, heiter det vidare.

Folty Loft arrangerer lydbildet sitt med utgangspunkt i melodiane og tekstane til gitarist Theodor Ikonomou. I tillegg til gitaristen består Folty Loft av Fredrik Bjerkeli på bass, Ola Rui Nygard på trommer og Lars Jacob Eide Helland på vokal.

– Låtar som «Where I went wrong», «The Summer» (ute som singel), og «I dont like to cry» har eit oppløftande uttrykk i melodien, med ein meir melankolsk brodd i tekstene. Ein kombinasjon som bandet synest resulterer i god popmusikk, heiter det i pressemeldinga.

Me gler oss til å få plata i hende, og Fitjarposten kjem attende med meir omtale seinare.

Då Folty Loft gav ut singelplata «The summer» i fjor, skreiv me omtale på fitjarposten.no.