Frå før har me kulturpris og næringspris. No vil Sparebanken Vest i samarbeid med Fitjarposten lansera endå ein pris: Ambassadørprisen.

Prisen vil bli utdelt til ein enkeltperson eller organisasjon som har:

  • sett Fitjar «på kartet»
  • gjort noko fitjarbuen kan vere stolt over
  • gjort Fitjar til ein betre plass å bu i.

Tittelen på den første prisen vert: «Den gode fitjarambassadøren 2013».

Fram mot nyttår ønskjer me difor framlegg til person/organisasjon som bør få denne prisen. Etter nyttår vil så ein jury beståande av Ingrid Vestbøstad og Arve Havnerås frå Sparebanken Vest, ordførar Wenche Tislevoll og Håkon C. Hartvedt frå Fitjarposten, nominera fire av dei som det blir gjort framlegg om.

På nyåret vil så fitjarposten.no leggja opp til avrøysting over nokre veker der folk kan klikka på den av desse fire dei meiner bør få prisen.

Ambassadørprisen for 2013 vil bli delt ut av ordføraren i samband med eit større kulturarrangement våren 2014.