Taxisjåfør Svein Malvin Maraas har ikkje vore i jobben meir enn rundt ei veke. Likevel vil han prøva noko nytt: Faste prisar på ein del tenester.

– Me får sjå kor mykje det blir ut av dette etter kvart. I første omgang går eg no ut med ein kampanje der eg tek kr 500 for turen frå Fitjar til Stord. Tilbodet gjeld fredagar mellom 18.00 og 23.00 pluss laurdagar 18.00 – 22.00, seier Maraas til fitjarposten.no.

Han fortel vidare at det den første veka har vore mykje «Helse Fonna-køyring», utan at etterspørsla etter taxien har teke av på noko vis. Men Maraas har tru på at dette vil ta seg opp etter kvart, og han vonar at folk stør opp om han i helgane, slik at det ikkje vert køyrt pirattaxi. – Det er drepen for oss som gjerne vil at det skal vera drosjeteneste i Fitjar, understrekar han.

Før han tok til i det løyvet han har no, har han hatt eit godt grunnlag med skulekøyring. Litt skulekøyring er det no òg. Mellom anna frå Dåfjorden og litt lokalt i Fitjar. Han har òg hatt god respons på å «reklamera» på Facebook.

Til slutt vil han retta ein takk til NOBINA med sine konsulentar som har vore ein viktig ressurs og støttespelar for han no i starten.