6 ungar og 3 leiarar frå Friidrettsgruppa deltok på treningsstemne på Bremnes. Dette var det første stemnet denne sesongen. Deltakarane var i alderen 2. – 5. klasse, og for enkelte var dette først gong dei var med på eit friidrettsstemne. Dei imponerte, alle saman.

Under treningsstemnet, som fann stad på Bremnes, var det to greiner; lengde utan tilløp og høgde utan tilløp. På lengde fekk alle 6 forsøk, og dei fleste nådde lenger og lenger ettersom dei fekk øvd seg. Alle  kom langt over ein meter, og Johannes Myhre imponert med heile 193 cm i stille lengde.

Høgde utan tilløp var ei større utfordring for dei fleste, men alle kom over dei første høgdene. Etter 3 riv på ei høgde var dei ute, men fleire fortsatte langt oppover. Både Oda Rydland og Johannes Myhre kom over 80 cm. Ein av dei som verkeleg imponerte var nykomlingen Sander Thomassen, som i ein alder av 9 år ikkje berre hopte 180 i stille lengde men og heile 90 cm i høgde utan tilløp. Det finst berre eit ord som beskriv Sander, han er heilt "rå".

Enkelte av leiarane prøvde seg og. Tom Rydland noterte 262 i lengde og Bård Inge Bø hadde god margin på 140 i høgde. Deltakarane var godt nøgde, og svært trøtte, etter ein kjekk og oppmuntrande tur.