Lars Martin Volden er ein av 4 som jobbar døgnet rundt for at du skal kome deg fram.

I denne lange vinterperioden har brøytinga vore ein heiltidsjobb for arbeidarane i Risa, det blir lite fritid. For Lars Martin Volden går det i brøyting og soving. – Det går ein del kaffi under skifta, fortel han.

Dei har ansvar for hovudveg, riksveg og fylkesveg på øya. Så det er ein del brøyting som skal gjerast. Det oppstår noko irritasjon for dei som får brøytekantane i oppkjørselen sin. -Det er veldig forståeleg, fortel Lars Martin, men det er det diverre ingenting vi kan gjera med.

Allereie i 3 tida om natta er dei på staden for å gjera vegane klare til morgonen. Er det eit snøfullt døgn, er dei ute og brøyter 24 timar i døgnet. Denne veka har kvar bil brøyta i 60 timar, litt slitasje på bilane blir det, men ingenting som ikkje kan fiksast.

Me lev under mottoet «Alle skal få», fortel ein av brøytarane spøkefullt.