Ein av tre ungdomar på Vestlandet har fått vaksne til å kjøpe alkohol for seg i daglegvarebutikken og ein av fire på Vinmonopolet. Likevel er det langt færre vaksne på Vestlandet som kjøper alkohol til ungdom under 18 år enn andre stader i landet.

Meir enn ni av ti foreldre på Vestlandet har aldri kjøpt alkohol til borna sine på Vinmonopolet. På landsbasis har ein av fem gjort det. Det syner ei undersøking Synovate MMI har utført for Vinmonopolet.

Som andre stader i landet får ungdom på Vestlandet andre vaksne til å kjøpe alkohol for seg. Ein av tre ungdomar opplyser at dei har fått ein vaksen til å kjøpe alkohol for seg i daglegvarebutikken og ein av fire på Vinmonopolet. Mest langing av alkohol er det i Nord-Norge.

– Me veit at ungdom som får alkohol av sine foreldre eller av andre vaksne, drikk meir enn anna ungdom. Sender du med borna dine ei flaske vin på fest, seier du samtidig at det er greit at dei drikk. Men det er det jo ikkje, seier informasjonssjef i Vinmonopolet, Halvor Bing Lorentzen.

- Annonse -