10. klassingane som er på veg til Kraków har køyrt buss i heile dag, men i går kveld fekk dei vere vitne til eit flott show på Color Fantasy.

Britt Lise Onarheim Volden skriv:

«Avreise var i går tidleg. Me kom til Oslo ca. kl 13.00. Herifrå gjekk turen vidare med Colorline sin flotte Color Fantasy. Der var me på flott show og hadde god middag. Litt shopping vart det òg. Me fekk masse ros over ungdommane våre, at dei var flinke til å oppføra seg. Det var me vaksne veldig stolte over.

I dag, søndag, vakna me til regn. Me åt frukost på båten før me kom til lands i Kiel.

I dag har det vore lang dag på bussen. Men det har godt fint. Det har gått på å sjå filmar og sove litt innimellom. No nærmar me oss hotellet i Polen. Der skal me få oss middag.»