Den utflytta fitjarguten David Nesbø Tislavoll gjekk heilt til tops i Ungdomens kulturmønstring og deltok med biletet sitt Grafitti-collage under landsmønstringa til UKM i Trondheim i juni i år.

David (14) er fødd og oppvaksen på Fitjar, men flytta til Finnøy i Rogaland då han skulle starta i femte klasse. På Finnøy er han elev på kunstfag i Finnøy musikk- og kulturskule og det var her han laga kunstverket Grafitti-collage, som han deltok med på den lokale kulturmønstringa. Frå mønstringa på Finnøy gjekk han vidare til fylkesmønstringa for Rogaland og vart der vald ut til å representera Rogaland under Landsmønstringa.  

David er på sommarferie på Fitjar, der han framleis har mange vener og stor slekt. Som ungdomar flest vil han gjerne bruka den regntunge ettermiddagen til å sjå ein god film saman med nokre kompisar, men tar seg gjerne tid til å snakka litt om kunsten først.

Det var stor stas og svært oppmuntrande for den unge kunstnaren å få koma til landsmønstringa. Det er som å vinna det, seier David, og fortel at gjennom det var det som om biletet hans vart større enn det han sjølv trudde det var. 

David har vore elev på kunstfag i Finnøy musikk- og kulturskule sidan 2008, med Ivar Haugen som lærar i teikning, maling og grafikk. Her driv han med mange ulike teknikkar, men kanskje aller mest collage. Den unge kunstnaren brukte 5-6 timar på vinnar-collagen, som han laga på ei tre-plate som han først malte før han lagde små maleri som han klypte ut og limte på. Det heile vart avlsutta med ei påmalt ramme.  

Som uerfaren kunstmeldar vil eg gjerne vita kva biletet syner, men det vil ikkje kunstnaren gje svar på. Med eit lurt smil om munnen seier han det er så mykje forskjellig det, ein må berre studera det godt. Eg fekk dessverre ikkje høve til å studera biletet på nært hald denne dagen. Biletet er framleis i Trondheim. Men det er nok snart på veg heim til Finnøy, trur David, og når det kjem dit skal det nok få heidersplassen på veggen, enten i stova eller på rommet til den unge kunstnaren.

Me gratulerer David med landsmønstringsdeltakinga og med 15-årsdagen laurdag 28. juli.

Biletet til David kan ein sjå på s. 28 i UKM kunstkatalog 2012 her.