Eli Simonsen, ei av dei som arbeider med temakveldane i Fitjar kyrkje, har sendt oss ei omtale av programmet komande torsdag kl 19.30.

I Fitjar bur det for tida ikkje mindre enn fire prestar. To av desse står for den daglege tenesta i kyrkjelyden: sokneprest Olav J. Oma og kyrkjelydsprest Nobukazu Imazu (Nobu). Dei to andre er Roald Drønen, til dagleg sokneprest på Bømlo, men med lang fartstid i Fitjar, og Herman I. Aadland, med 22 års tenestetid i kyrkjelyden. Naturleg nok er desse fire mest kjende for folk flest gjennom prestetenesta dei gjer og har gjort mellom folket. Men dei har også andre sider og talent som ikkje alle kjenner like godt til. No er dei utfordra til å «slå ut håret» i ein felles temakveld i Fitjar kyrkje. Kva kan så folk venta seg denne kvelden? Den som kjem, vil få sjå og høyra! Men me kan nemna: Frisk song og musikk, padleprest i bilete og ord, kosteleg humor og komikk langs prestevegen og ikkje minst Svein Kåre Meling i «godstolen» saman med Roald Drønen. Temakveldnemnda ser med glede og forventing fram til kvelden og trur at dei fleste har noko å gle seg til.

Ingressbilete ved Eli Simonsen.T.v.Herman I Aadland, Nobukazu Imazu, Olav J Oma og Roald Drønen.

ANNONSE