Klokka 10 måndag formiddag starta sjølve rivinga av den gamle brannstasjonen i sentrum. 20 minutt seinare var første lasset med materialane frå stasjonen på veg til SIM sitt anlegg i Svartasmoget.

Den tidlegare brannstasjonen vart oppført for om lag 80 år sidan. Det var Tor Vestbøstad, bankkasserar og drosjeeigar, som sette opp garasjen til drosjebilen han eigde. På bilete er  Chevroletten frå 1928 som garasjen vart bygd for.

Det andre gamle bilete viser lensmann Jeremiassen (lensmann i Fitjar 1904-1945) på veg vestover. I bakgrunnen kan ein sjå at allereie den gong vart brannstasjonen nytta til ”informasjonstavle”

Like etter krigen vart det innført nye retningsliner for brannberedskap og garasjen vart teken i bruk som brannstasjon ( ca 1948 ). Den vart forlenga med tre meter og slangar og pumpeutstyr vart plassert sentralt i Fitjar sentrum.

Gamle bilete er lånt hjå Torvald Meidell Dahle