Ein lang, god basardag med mange ulike aktivitetar i idylliske omgjevnader resulterte i ein bra slant pengar som går direkte til traktorutstyr i Kamerun.

Basaren fann stad i idylliske Færøysund ein fin sommarlaurdag, og allereie ved nedkjørsla frå europavegen nådde grillukta oss. Over 150 små og store hadde pakka med seg grillmat og ei tjukk lommebok og sat benka rundt bord og knausar i tunet til den gamle handelsstaden i Færøysund.

Mellom alle gjestene småsprang eit smilande vertskap med ein buttom det stod SAM på, på brystet. SAM er namnet på det firmaet som brørne Chance Emmanuel Aoudi og Adamou Bernard Dentale har starta for å driva landbruksutvikling i Kamerun. Chance er gift med norske Målfrid Sandvik, som kjem frå Fitjar. Adamou er gift med ei polsk dame. Begge brørne bur no med familiar i Noreg.

Etter eit langt grillmåltid var det presentasjon av prosjektet og musikk og dans ved Chance, Adamou og Momtott Etienne. Desse tre karane kjem alle frå Mbe-området i Kamerun og er der vitne til at jordbruket vert drive med rein handmakt, samstundes som dei strevar med å få produsert nok mat. Det er ein god del landbruk i Mbe-område og bøndene jobbar hardt, men sidan jordbruket vert drive på den tradisjonelle måten med handmakt er det begrensa kor mykje ein får gjort, forklarde Chance. Brørne har hatt ein draum om å kunna få hjelpa til slik at ein kan få auka matproduksjonen i området. Lettar ein arbeidet kan bøndene dyrka meir jord, dei kan produsera meir og dei kan få selt det dei ikkje treng sjølv, og slik få finansiera f.eks. studiar.  I fjor kjøpte firmaet SAM seks traktorar og no er målet å få kjøpt nokre fleire plogar. Dette er eit dønn konkret jordbruksprosjekt, sa ein av dei som reklamerte for basaren på førehand. Prosjektmidlane som kjem inn går uavkorta direkte til prosjektet i Kamerun. 

Det var langt frå berre fitjarfolk som støtta opp om prosjektet, her var tilreisande frå både Bømlo og Frekhaug og fleire andre stader. Trekkinga av årane var det John Villy Sandvik frå Frekhaug som stod for. Det var ei lang trekking med mange årar, på tusenvis av tal og mange gevinstar som skulle fordelast, alt humoristisk leia av nordhordlendingen med caps på snei og eit konstant smil på lur.  

Etter åresal stod amerikansk auksjon på programmet. Ei noko uvant auksjonsform for mange av dei frammøtte, så forsamlinga var ikkje like ivrige her som då dei kjøpte årar, men det hindra ikkje auksjonarius Sandvik i å få inn mange tusen kroner  til saman for ein levande krabbe, eit maleri frå Kamerun, ei kipe frå Nordhordland og ein del anna. 

Timane fauk avgårde i tunet i Færøysund. Då ein av primusmotorane, og eigar av handelsstaden, Harald Johan Sandvik, ymta frampå at dette kanskje bør bli ein årleg sommartradisjon runga applausen mellom husveggane. Her var det tydeleg at folk hadde kost seg, både store og små.

Klokka nærma seg barnetv-tid, men det var langt frå over enno. Då eg tok med meg fylgjet mitt og ei tom lommebok og tusla oppover vegen igjen høyrde eg takfaste trommerytmar og bjøller, og visste at dei som framleis heldt ut skulle igang med afrikansk ringdans. Etter det var det endå fleire kjekke aktivitetar som hesteskokasting, støvelkasting og meir til.

Viktigast av alt denne sommardagen var støtta til jordbruksprosjektet og opptellinga synte at det kom inn heile 36 085,- kroner denne dagen. Både Harald Johan og Chance uttrykte stor glede over at folk hadde vore så positive til prosjektet, både då dei bad om støtte i forkant av basaren og under basaren. Eg er rørt over gjevargleda, hjerteleg tusen takk for støtta!, takka Chance alle dei frammøtte, på flytande norsk. – De er med på å verkeleggjera ein god draum!