Det blei oppnådd mange gode resultat under dei årlege Landa-leikane som blei avvikla på Fitjar Idrettspark i dag.

Rundt 15 deltakarar mønstra Fitjar Idrettspark i dag til fredeleg kappestrid i dei tradisjonsrike Landa-leikane. Og tradisjonen tru blei oppnådd mange gode resultat. Best av dei alle var nok 60-meteren til Ingrid Gloppen Ytrehus; 8,1 er eit imponerande resultat av ein 12-åring. Men så er ho òg blant dei beste i landet i sin klasse; ho har klart 2. og 4. plass i Donald Duck-leikane i lengde og 60 meter.

Under årets Landa-leikar blei det, i tillegg til 60 meter, avvikla lengde med og utan tilløp, kast liten ball og 400 meter stafett. Ballkastinga blei avvikla etter utslagsmetoden; dvs. at to og to kasta mot kvarandre, og taparen blei utslegen. Bestemann uansett årsklasse blei 22-årige Simen Gloppen, som kasta 47 meter i finalen. Stille lengde vann Martin Hageberg, med 2,53 meter. Og lengde med tilløp vann veteranen Erling Ytrehus med eit hopp på 5,58 meter.

Stemninga var god under årets Landa-leikar; og alle såg ut til å få premie. Sjokolade og sportsdrikk. Men me ante ei viss usemje under overflata. Skulle ein leggja Tyrving-leikane til grunn, eller ikkje. Dette ville gitt eldstemann i flokken, 50-årige Arne Gloppen, betre plasseringar i høve til ungdommen. Men stemninga i troppen tydde ikkje på at usemja stakk så djupt.