Lamminga er no i gang på Raunholm. Alt 23. februar kom dei to første. To dagar seinare kom to til. Dette er minst ein månad for  tidleg. Likevel er det eit signal om at våren er like rundt hjørnet, fortel John Karsten Raunholm til fitjarposten.no

-Desse to sauene har nok vore i litt hormonell ubalanse og bydd seg fram for vêrlamma alt i slutten av september. Resten av sauene i flokken lammar  i månadsskiftet mars / april slik som den normale syklusen er, legg Raunholm til.