– Eg trekte garn ved Sandvikvåg i dag. Då vart eg overraska, seier Paul Lillenes i ei melding med bilete til fitjarposten.no. Truleg er laks på rømmen.

– Dagens fangst var 20 laks på rundt 3 kg kvar, seier hobbyfiskaren.

– Dette er heilt spesielt. Det er tydeleg at det har kome ein stor mengd fisk forbi her, men når får ein 20 laks i garnet? spør hobbyfiskaren.

Om det er rømningsfisk, eller kva som har skjedd, veit han ikkje noko om.

Ein annan av våre lesarar har teke kontakt og meiner at det kan vere laks som er rømt frå eit anlegg i Vindafjord, og viser til tysnesbladet.no

Siste:
Det er òg mykje laks i Stokksundet. Det vitnar biletet av Markus Westerheim om. Her syner han stolt fram fisken han har fått i Stokksundet i dag. (Biletet ovanfor til høgre)