Parkeringsplassen ved Dalhaugane er no brøytt. Dermed ligg alt til rette for flotte turar til den vakre fjellheimen vår.

Frå Dalshaugane kjem ein mellom anna til Botnavatnet, Klovskarvatnet, Mælen, Kidno og Sørlivatnet, for å nemna noko. Me tek gjerne imot meldingar om ski- og føreforhold.