Lågmælt og várt, og med tette klangar, heldt Os Vocalis konsert i Fitjar kyrkje i kveld.

Konferansier og songar Sissel Rosland presenterte koret som ei gruppe med «vanlege folk utan musikkutdanning». Ut i frå det er me imponert over kva dei har våga seg ut på. Fleire atonale arrangement med mange mulegheiter til å skjere ut, takla dei svært bra. Dei viste vidare at dei hadde svært god dynamikk og presisjon, og dei song stort sett svært reint om ein ser bort i frå dei høgaste sopranpartia. Tekstuttalen var òg god.

Etter det fitjarposten.no erfarer etter å ha snakka med ein del fitjarbuar etter konserten, fekk dei fleste òg ei god oppleving.

Skal ein derimot vere ærleg kritisk, noko som ein bør kunne vere når koret har tenkt seg på musikkonkurranse i Bratislava, er det likevel ein del ting me vil peike på.

Sjølv om konferansieren på førehand vona at dei ville få fram kjenslene i musikken, ikkje berre klangane, veit me ikkje heilt om dei klarte det. Til det sleit sopranane for mykje på dei høgaste tonane i dei krevjande arrangementa. I staden for store og runde vart dei lysaste soprantonane til tider anstrengte og små. Men dei djupaste altstemmene imponerte.  

Teksten hadde vi problem med å få med oss. Sjølv om tekstuttalen var god, hadde ikkje koret nok volum til å bere han så tydeleg ut i kyrkja at me kunne høyre han skikkeleg. Slik fekk me berre med fragment av det dei song om.

Når det gjeld songutvalet enda det opp med ein konsert for dei spesielt interesserte. Det er ok med atonale arrangement og dissonans. Men når slike arrangement kom på løpande band, vart det diverre for einsformig og kjedeleg for oss.

Likevel. Os Vocalis er eit kor med stort potensial, sjølv om dei etter vårt syn ikkje er heilt framme ved målet enno.

Dirigent Lucius Bader leia det heile med stø hand.