– Eg kan allereie no seia at det vert lågare nettleige i Fitjar neste år, seier kraftlagssjef Ole Vidar Lunde til fitjarposten.no i ein kommentar til at Fitjar kraftlag er på nettleigetoppen med omsyn til høg pris.

Dette vart nyleg trekt fram i ein artikkel i VG, og ein del fitjarbuar har undra seg over at Fitjar Kraftlag har så høg pris på nettleiga.

– Eg må seia at det er lite kjekt å toppa ei slik liste, og eg kan lova fitjarbuen at me gjer alt me kan for å driva nettet med så låge kostnader som mogleg, seier Lunde.

– Samstundes er det nok slik at nettet i Fitjar er kostbart å driva. Det er eit stort nett med spreitt busetnad og med mange lange linjer som ligg i eit område der det er vanskeleg å driva billig og rasjonelt. Folk i øyane skal jo ha like god kvalitet på straumtilbodet som dei i sentrum.

Men me er i gang med å modernisera og effektivisera, og på sikt vil dette føra til at driftskostnadene og dermed òg nettleiga vert lågare. Eksempel på slik modernisering finn me på Stranda. Her låg den gamle linja heilt uvegs til. No har me lagt ho langs E-39, noko som gjer ho mykje enklare å drifta. Og allereie neste år kan me lova at nettleiga vil gå ned, fortset kraftlagssjefen.

– Samstundes vil me gjerne få fram at me har fått eit godt nett i Fitjar. I motsetnad til tidlegare er det svært få straumavbrot no. Det er me stolte av, seier kraftlagssjef Ole Vidar Lunde, til slutt.