Helsefagarbeidarane på Fitjar vgs laga i går ettermiddag til adventsfest for sjukeheimen, Havnahuset og dei som bur i eldrebustadene. Eit flott Livsglede for eldre-tiltak.

Småborda var julepynta, og elevane serverte både song, blautkaker og julebakst. Ei lita utlodding var det òg.

Fitjarposten sin medarbeidar fekk delta ved å spele til songane.

Ei gruppe frå Rommetveit skulekorps avslutta det heile med særs vakker framføring av kjende julesongar.

Alt i alt ein triveleg ettermiddag der unge og eldre kosa seg i lag.