Design og handverk på Fitjar vgs har laga stavar til Falturiltu-festivalen med tema «Reis og ryk» som startar på søndag.

 – Det var temaet som gjorde at me fekk ideen om å lage vandrestavar, seier avdelingsleiar Johanne Gram Langeland og faglærar Leif Hedman til fitjarposten.no.

Dei fortel vidare at dei har hatt kontakt med Galleri Giga på Stord og fått avtale om at stavane som står montert på ei plattform, kan plasserast der under festivalen.

– Det vil seie under opninga på søndag vonar me å få sett dei opp utanfor Kulturhuset på Stord, og så utanfor Giga i Osen frå måndag av, presiserer Langeland. 

Alle elevane har laga sin eigen stav og utsmykka han etter eige hovud. Emna til stavane har dei funne på skuleområdet.

– Eit greitt prosjekt å starta opp skuleåret med, smiler Hedman.