Fvgs VK1 Design og handverk har hatt samarbeid med valfaggruppa Redesign på Rimbareid skule. Resultatet er blitt spennande smykke, laga av kvardagsmateriale.

I alt har Rimbareid-elevane vore åtte timar på Fitjar vgs der dei har fått utvikla smykka under leiing av Leif Hedman.

– Me opplevde stor entusiasme mellom elevane våre under dette prosjektet. Ikkje minst likte gutane at dei fekk nytte materiale frå tre harddiskar til å lage smykke av, fortel lærar Randi Eiken Brekke på Rimbareid skule. Avdelingsleiar Johanne Gram Langeland ved Fitjar vgs var òg godt nøgd – ikkje minst med elevane sin fantasi.

Smykka er for tida utstilt på Fitjar folkebibliotek.

Nokre smakebitar ser du på bileta til høgre.