Kjøkkenavdelinga på Fitjar bu- og behandlingssenter fekk dei andre tilsette med seg og laga til grillparty ute i det fri i dag føremiddag.

I det varme, stille sommarvêret, utan hard og plagande sol, vart det ei fin stund for alle.

– Ja, dette er kjempekoseleg, berre synd eg ikkje har fleire tenner så eg kan tyggja den gode maten skikkeleg, humrar Elsa Stokken, ei av bebuarane, sjølvironisk, og skryt av dei tilsette ved heimen: – Svært mange kjekke folk. Me har det godt her.

Og gode var kotelettane, pølsene og alle dei andre godsakene òg.

– Ein deilig og fin variasjon frå det vanlege, let det til slutt.