I samband med bygginga av Nye Jakobs hus i Havn har dugnadgsgjengen i Fitjar båtlag, med Leif Hjelmen i spissen, laga ei vinde, slik dei såg ut i båthusa før i tida.

Sjølv om det ligg ein snev av nostalgi i dette, fungerer vinda som ho skal. Ikkje det at dei ikkje hadde klart seg utan (dei har kran), men det er noko med å ta vare på gamle tradisjonar, meiner Hjelmen.

– Svært kulturhistorisk prisverdig, meiner me.

Midtstokken til det tradisjonsrike spelet, ein tidlegare kreosotbehandla stolpe, har dei fått frå Fitjar kraftlag. Så har ein svært dyktig polakk på FMV, assistert av Alf Inge Træet, dreidd han til slik at han fungerer som han skal i denne samanhengen. Godlukta er òg på plass i naustet i og med at dei har tjørebredd heile stasen.

– Nye Jakobs hus er elles  for det meste ferdig. Litt dugnad står likevel att, så det vert to nye dugnadsdagar i Båtlaget til hausten, får me vita. Nokre båsar i 2. høgda der medlemene kan oppbevare ymse maritime ting, skal på plass. 

Men dette er eit naust. I det nye huset ved sida av kan dei samlast sosialt. 

– Me hadde årsmøte der, fortel Stein Arild Aarskog til fitjarposten.no.